Noselivka, Tsjernihiv: Den beigefarga teglsteinsbygnaden i sentrum av landsbyen Noselivka var under Sovjet-tida kontorbygg for landbrukskollektivet Kuibyshev. I dag husar det lokalstyret, postkontor og administrasjonskontoret til det norskeigde landbruksselskapet Agri Seym.
Direktørkontoret frå kollektivtida er møterom når Kjell Haaland og dei andre norske eigarane planlegg og administrerer saman med den ukrainske staben.
Mørkt trepanel dekkjer vegger og skap. Sola kjem inn gjennom slitne, gamle vindaugsglas. Frå eine veggen talar Lenin til folket på eit måleri. På ein anna vegg heng nye kart over Noselivka og nabolandsbyen Kynashivka. Agri Seym driv jord begge stader.
I år er det sådd 8400 mål vinterkveite, 6180 mål solsikke, 2550 mål bygg. I tillegg erter, lupin, havre, mais, rug og vinterbygg, fortel Haaland. Han var initiativtakar til det norske eigarskapet og er i Ukraina fleire gonger årleg. Denne gong med tre av dei åtte andre eigarane.
– Vi har vore rundt og sett på avlingane. Det ser veldig bra ut, seier deleigar Arild Maka.
Agri Seym driftar 24.260 mål totalt. Eit lappeteppe av over 1000 jordstykkjer som er eigde av befolkninga i området for mellom sju og ti år om gongen.
Då Sovjetunionen gjekk i oppløysing, vart store delar av den dyrkbare jorda i Ukraina delt mellom dei som hadde jobba på kollektiva, nær 7 millionar innbyggjarar. Alle fekk eigarskap over mellom 30 og 50 mål kvar. Den jorda er det mellombels salsforbod på, og dei fleste leiger ho i staden vekk til private landbruksselskap.
Som konsekvens, er mykje av landbruksproduksjonen i Ukraina i dag konsentrert til rundt 50.000 landbruksselskap, ifølgje forskingsinstitusjonen Centre for Eastern Studies (OSW).
Politisk usemje
Det har lenge vore snakk om at salsforbodet kan stå for fall. No jobbar regjeringa med Verdsbanken om ein landreform. Det seier viseminister Vladyslava Rutytska i Landbruksdepartementet.
Kontoret hennar i den ukrainske hovudstaden vender ut mot Maidanplassen, der det blodige slaget om makta stod for litt over to år sidan, og presidenten Viktor Janukovitsj vart avsett og seinare erstatta med meir EU-venleg styre. Aust i landet er det framleis krig mot russarane, men det merkast ikkje på gatene i hovudstaden.
– Eg ønskjer ein klar og open jordmarknad. Då er det nødvendig å førebu lovgiving på feltet og også eit eigedomsregister. Vi jobbar med Verdsbanken for å få til det, men det er også nødvendig å få det gjennom parlamentet, og der finst det ulike syn, seier Rutytska.
– Eg ønskjer ein klar og open jordmarknad.
Motstandarar mot å oppheve salsforbodet fryktar styrtrike oligarkar og utanlandske investorar skal kjøpe opp for mykje av jorda, og at dei grøderike ressursane som i dag er fordelt blant mange skal ende i hendene på nokre få. Alt i dag kontrollerer dei hundre største landbruksselskapa rundt 16 prosent av dei over 400 millionane mål jordbruksjord i Ukraina, ifølgje OSW.
Rutytska kallar likevel frykta populistisk.
– Det er ikkje slik eit berekraftig jordbruk vert utvikla. Vi ønskjer å finne dei beste løysingane. Alle forstår likevel at investeringar er av største viktigheit, og at moderne teknologi og samarbeid med andre land også er viktig, seier ho.
I fyrste omgang vil departementet utvide varigheita av leigekontraktane for jorda til fleire år, og gi høve for å ta pant i den leigde jorda i bankane. Det er fyrste steg på vegen mot ein fri marknad på jord, ifølgje Rutytska.
Vil ikkje selje
– Eg vil leige ut jorda, men eg vil ikkje selje. Absolutt ikkje, seier Valja Samotyazhko (43) bastant.
I den velstelte kjøkkenhagen hennar i Noselivka står rader med gulrøter, agurk, kål, pepar, poteter, salat og tomatar.
Sonen Sergiy plukkar kål. Faren Mykola pleidde å køyre traktor og mjølke kyr for kollektivet. No er han pensjonist og ser til at tobakksplantene hans har det godt i ettermiddagssola. Mellom planteradene sildrar det inn gjødsel frå fjøsbygnaden familien har bak huset. Der er det plass til hesten, dei fire kyrne, to grisar og kaninar. På tunet spankulerer høner, kyllingar, broilerar og gjæser.
Familien er sjølvberga med det meste. I tillegg produserer dei poteter, agurk, ost, rømme og cottage cheese for sal. Gras til kyrne får dei frå eit 20 mål stort jorde lenger unna. Resten av jorda dei eig leiger dei ut for fleire år om gongen til Agri Seym.
Leigekontrakten gir dei rundt sju prosent av verdien av jorda i året. Det svarar til litt over 40 norske kroner per mål. I tillegg får familien delbetaling i korn, produsert av Agri Seym.
Mannen til Valja, Oleksandr, har jobb på sagbruket selskapet driv.
– Vi har meir jord enn vi kan bruke sjølv, men hadde vi selt jorda, ville vi fått pengar berre ein gong. No har vi stabil leigeinntekt kvart år, og vi får kveite tilbake frå selskapet, seier Samotyazhko.
– Eit eventyr å vere med på
Jordleiga Agri Seym betalar utgjer samla rundt ein million norske kroner årleg. Dei største utgiftene for selskapet elles går til opprusting og vedlikehald av maskinar og bygningar. Selskapet driv også sagbruk og kornmølle, som jordeigarane får nytte til gode prisar. Det går også med rundt 30.000 kroner årleg i velgjerdstiltak, som å finansiere scenelys til kommunehuset, ordne datautstyr til skulen, hjelpe med kiste når nokon i landsbyen døyr.
– Vi har på ein måte overteke kollektivbruket, seier Haaland.
Korrupsjon er framleis eit utbreidd problem i Ukraina, men Haaland seier dei ikkje merkar veldig mykje til det.
Veldig utbytterik har jordbruksdrifta i Ukraina ikkje vore for nordmennene enno. Selskapet gjekk med tap i 2013, som følgje av låge prisar, særleg på solsikke og korn. 2014 og 2015 var betre, men det står att mykje investeringar, seier Haaland.
Totalt har nordmennene investert 12 millionar kroner i selskapet. Magne Nygård, som til vanleg er bonde i Sandnes, er nyaste deleigar. Han ser moglegheiter i Ukraina som ikkje finst heime.
– Det er fasinerande med mais som er to meter høg. I Noreg driv vi jordbruk i ei steinrøys. Det her er eit eventyr å vere med på, men det må til enorme investeringar, og eg trur ikkje det er pengar i det på kort sikt, seier Nygård.
– Dei fleste av oss gjer ikkje dette berre for pengane, men eg trur det er pengar å hente her på sikt. Det er også målet. Det ligg stort potensial i jorda om vi utnyttar ho optimalt, seier Haaland.
Kvifor selje?
Kynashivka, Tsjernihiv: Landsbyen Kynashivka ligg omgitt av kilometer på kilometer med store jorde som er leigde av Agri Seym. Jordeigar Sasha Gregorovich seier det er viktig at jorda hans vert teken godt vare på.
– Skilnaden går på om ein brukar jorda på god måte, utan mykje bruk av kjemikaliar og overproduksjon, eller ikkje, seier han.
Utanfor huset han delar med kona og dei to sønene har han sjølv halvtanna mål frodig kjøkkenhage med poteter, mais, gresskar, agurk og squash som vert stella med omhug. Det same vert grisene, kaninen, hønene og hunden i gardstunet.
Det han leiger ut, er nær 90 mål jord arva etter besteforeldra. Til dagleg jobbar han for Agri Seym som traktorkøyrar og maskinist.
– Kvifor dyrkar du ikkje jorda di sjølv?
– Eg har ikkje det som trengst av pengar og maskinar. Det er vanskeleg å ta vare på det sjølv, seier han.
– Vil du selje, dersom det vert lov?
– Nei, eg vil halde på jorda sjølv og halde fram å leige ut. Kvifor skulle eg selje noko? Eg bur jo her.
Kven skal eige jorda?
Over heile Europa er eigarskap til naturressursar som jord, skog og fisk, i endring.
I ein artikkelserie i sommer ser Nationen på korleis eigarskapet i ulike europeiske land utviklar seg. Kva for betydning har ulikt eigarskap for landbruket og matproduksjonen?
Artikkelserien har fått støtte frå stiftinga Fritt Ord.
Les fleire saker på nationen.no