Oslo- Kypros-Bucuresti
Range Roveren passerer eit produksjonsanlegg eigd av svinegiganten Smithfield. Dei låge gulkvite husa som ligg bak ein mørkebrun betongmur med tre rader rusten piggtråd på toppen, minner meir om militærbrakker enn ein svinestall. Smithfield produserer 15 millionar griser i året. Selskapet var amerikanskeigd fram til det vart kjøpt opp av den kinesiske Shanghai Group i 2013. Anlegget i Cenei produserer for eksport til Kina.
North Bridges base ligg bak ein port som blir opna av ein uniformert vakt. Basen er flat som ein flyplass og inneheld eit lagerbygg, ein silo, eit hus som fungerer som kontor og ein oppstillingsplass for landbruksmaskinar. Investorane er nordmenn med formue og investeringsselskap og offentleg eigde selskap som kraftlaga i Rissa og Fusa. Dei har plassert pengar i jordbruk gjennom det norske investeringsselskapet North Bridge Agri invest.
North Bridge Agri invest eig 72 prosent av eit holdingselskap på Kypros. Det Kypros-registrerte North Bridge-selskapet opererer i Romania gjennom eit titals rumensk-registrerte selskap. Opplysningar frå det rumenske selskapsregisteret viser at eit selskap registrert på Bermuda-øyane er også inne på eigarsida i det rumenske selskaps-nettverket. Nordmenn har investert 45 millionar euro i North Bridges landbruksprosjekt.
Dag Espen Arnesen, som er dagleg leiar i det norske North Bridge-selskapet, opplyser at dei som har vore med sidan starten no har fått ei avkastning på 30 prosent.
Eit nettverk av selskap
Gigel og Shegog jobbar med den same jorda. Men visittkortet til Shegog er kvitt og opplyser at han representerer North Bridge. Stefans visittkort er grønt og fortel at han er tilsett i Westland farm management.
– Kven er det som eig jorda?
– North Bridge eig jorda, seier Shegog.
– Kvifor er selskapsstrukturen så komplisert?
– Det er jo ikkje så vanskeleg. Vi har eit selskap på Kypros, og så må vi opprette eit underselskap her for å eige jord. Og så har vi oppretta vi eit nytt selskap kvar gong vi starta ein ny aktivitet.
– Det er kanskje ikkje så komplisert for ein person med bakgrunn frå ein investeringsbank, men for oss andre...
– Vi kunne kanskje ha gjort det annleis, men når ein først har oppretta ein slik struktur er det veldig vanskeleg å vikle seg ut att av det, seier Shegog.
Landran og korrupsjon
I ein EU-rapport frå 2015 kom Romania på førsteplass som åstad for landran. EU-rapporten seier ingenting om kven som står bak. Den historia som har fått mest merksemd iRomania er knytt til den nederlandske investeringsbanken Rabobank.
Rabobank kjøpte 1400 dekar jord ved svartehavskysten.
Seljarane, lokale småbønder, hevder overfor ein britisk journalist at dei var blitt truga til å selje og at dei heller ikkje hadde fått den betalinga dei var blitt lova. Rabobank-historia hadde også rumenske aktørar involvert, blant anna ein lokal ordførar og ein dommar som skal ha vore korrupt.
Årsaka til at utlanlanske selskap blir hardare ramma, er ifølgje Dinu skattespørsmålet. Selskapsmodellen North Bridge brukar, der eit Kypros-registrert selskap eig jord i Romania gjennom fleire underselskap, er den vanlegaste organisasjonsforma for utanlandske investorar.
– Etter Panama-leaks saka har skattespørsmålet blitt svært sentralt i diskusjonen. Mange sit med eit inntrykk av at utanlandske eigarar eksporterer overskotet ut av landet og at dei ikkje er like lønsame for Romania som for lokale eigarar, seier Dinu.
Solsikker og John Deere
To identiske grøne og gule John-Deere-traktorar står utanfor ein lagerhall som akkurat er i ferd med å bli fylt opp av bygg.
– Vi satsar på å berre ha to maskinleverandørar. Det gjer det enklare med reparasjon og reservedelar, seier han.
Han peikar mot det han omtalar som ein vidundermaskin som harvar jorda, sår og gjødslar i ein operasjon.
– Den er så bra. Ein sparar jorda, ein sparar drivstoff og ein sparar arbeidsinnsats, seier Stefan.
I Cenei dyrkar North Bridge mais, kveite, bygg og solsikker.
– Kva tenkjer de om at den rumenske regjeringa vil gjere det vanskelegare for utlendingar å kjøpe jord?
– Dei som pressar mest på for å hindre utanlandsk eigarskap er rumenske jordeigarar. Årsaka er at dei ikkje vil ha konkurranse, seier Stefan.
– Skjøner de at nokon synest det er problematisk at jorda er eigd av utlendingar?
– Vel, jorda er jo her, den kan ikkje flyttast. Den kjem jo alltid til å vere i Romania, seier Shegog.
Dei største tomatane
I landsbyen Herneacova, lastar grønsaksbonden Mitel Gratian Alin ut potetene ut av bilen. Ut av det gule bustadhuset der inngangspartiet er omslynga av ein drueplante kjem Maria på 80 år ut for å finne ut kven som har kome inn på tunet. Ho er krum i ryggen, har skaut på hovudet og ser ut som ei ekte balkanbestemor. I bakgrunnen høyrest kaklinga frå fem høns og ein hane. Maria dreiv jorda her før barnebarnet overtok.
Alin arbeidde tidlegare på ein fabrikk som produserte komponentar for fransk bilindustri. Han tente 200 euro i månaden og var verken fornøgd med jobben eller løna. For tre år sidan bestemte han seg for å følgje draumen sin. Det var å flytte på landet for å bli bonde.
– Å dyrke jorda har alltid vore min lidenskap, heilt sidan eg var barn, seier Alin.
I dag driv han ein økologisk andelsgard. Sidan han overtok har han bygd to drivhus der han dyrkar tomatar. Dei er store som appelsinar og framleis heilt grøne.
– I fjor fekk eg fleire som veide over ein kilo, fortel Alin. Frøa han brukar er utvikla lokalt. Han er kjent som bonden med dei enorme tomatane.
For ti år sidan eigde Alins bestemor hundre dekar jord. Trong økonomi gjorde at ho selde unna seksti til investorar. For det fekk ho mindre enn 600 Euro. Dei betalte Alin eig førti dekar og vil gjerne utvide til fem eller seks. Det han har ikkje råd til. Ti hektar god landbruksjord i Timis kostar i dag rundt 3000 euro.
– Slik det ser ut no er det heilt utenkjeleg at eg skulle få råd til å utvide, seier Alin.
Han går tilbake inn på tunet for å gjere klar 24 kurvar med potetar, raudlauk og bladpersille til sine andelseigarar.
– Det har vore eit jag etter jord
Eigedomsmeklar Andrei Botis hjelper investorar som vil inn i Romanias landbruk.
I femte etasje i eit lyst kontorbygg med glasfasade sit eigedomsmeklaren Andrei Botis. Frå meklarkontoret til selskapet Nai Romania har han panoramautsikt over Romanias hovudstad Bucuresti. Det er eit landskap av heisekranar og høghus. Byen er i endring. Det er meir pengar i omløp og fleire nyinvesteringar etter at landet kom med i EU.
– Dei siste åra har det vore eit jag etter jord. No er marknaden inne i ei tid med konsolidering. For tida har vi to-tre klientar som vi arbeider for å kjøpe jord til, fortel Botis.
Lågt prisnivå var ein viktig grunn til at så mange valde å gå inn i rumensk jordbruk for ti år sidan. Prisane i dei mest ettertrakta områda har blitt tidobla sidan då, men prisnivået ligg framleis under nivået i Vesteuropa. Dei fruktbare områda rundt byane Timisoara og Arad i vest dyrast. Der koster ti dekar rundt 5000 euro, men prisane blir enno høgare per dekar om ein ønsker å kjøpe store, samanhengande område.
– I vest er infrastrukturen betre utbygd. Vegstandarden er god, det er lettare å transportere varnene ut og det er betre silokapasitet, seier Botis.
– Kva område gir du dine klientar råd om å satse på no?
– Det spørs kva dei er ute etter. Den som har eit kortsiktig perspektiv og vil tene pengar raskt , bør investere i vest. Prisnivået er høgt, men det er også langt lettare å drive der. For den som har eit langsiktig perspektiv og ønskjer å drive jordbruk dei neste 50 -200 åra løner det seg å dra austover ,der jorda er billegare. Men ein må vere merksam på at det tar tid å få bygd opp infrastrukturen der.
Botis fortel at han nyleg vart kontakta av eit amerikansk investeringsfond som ønskte å kjøpe eit produkt som førebels ikkje finst i Romania.
– Dei vil investere mellom 50 og 150 millionar euro i ein operativ gård. Dei vil ikkje ha noko å gjere med drifta, dei vil berre gjere ei lønsam pengeplassering, fortel Botis. Han er usikker på kvakonsekvensar den varsla lovendinga vil få, og seier han meiner det er vanskeleg å vurdere konsekvensane før ein får sett detaljane.
Kven skal eige jorda?
Over heile Europa er eigarskap til naturressursar som jord, skog og fisk, i endring.
I ein artikkelserie i sommer ser Nationen på korleis eigarskapet i ulike europeiske land utviklar seg. Kva for betydning har ulikt eigarskap for landbruket og matproduksjonen?
Artikkelserien har fått støtte frå stiftinga Fritt Ord.
Les fleire saker på nationen.no