Dei som eig jorda
Gjennom serien «Kven skal eige jorda?» har Nationen denne sommaren skrive om kven som eig Europas jord. Nationen har besøkt Danmark der landets sterkt eksportorienterte landbruk er vikla inn i ein gjeldsspiral som har velta både bønder og bankar. Mange stader har krisa blitt løyst gjennom at investorar har kjøpt jorda og latt bøndene drive vidare som tilsette i eit selskap. Dei har gått frå å vere jordeigarar til jordleigarar. I Skottland, der mektige klanar og adelsslekter har kontrollert brorparten av jordbruksjorda sidan mellomalderen, skal den nyleg vedtatte jordreforma «scottish land act» sørgje for at jorda sakte, men sikkert - kjem under kontroll av lokalsamfunnet.
Odelens åk
– Vi har ikkje diskutert odelsloven. Men vi meiner at odelsretten ikkje treng vere omtalt i Grunnloven. Det er uansett er sterke personlege band til jorda, seier Gunnar Gundersen, som er landbrukspolitisk talsmann i Høgre og ein av forslagsstillarane bak Høgres grunnlovsforslag om odelsretten.
– Summen av reguleringar som er kvelande for landbruket, seier Gundersen.
Han meiner det er viktig å snakke om leigejorda.
– Lokal eigarskap til jord er eit fortrinn. Det som skjer no er eit teikn på at tida er i ferd med å springe frå den jordeigar-strukturen vi har.
– Om ein skal minske delen leigejord, blir konsekvensen at vi får færre og større jordeigarar?
– Vi må ikkje lukke auga for dei strukturendringane som skjer. Det blir stadig færre bønder som produserer stadig meir effektiv måte, slik har det vore sidan svartedauden. Ingen kan stoppe det. Norske bønder er utruleg dyktige, dei tar i bruk ny teknologi og produserer meir.
– Lundteigen trur at de vil opne for AS-landbruk?
– Selskapsform er ein heilt annan diskusjon. Eg trur det er ein fordel med lokal, privat eigarskap. Eg synest vil heller burde diskutere reelle problem, som omfanget av leigejord. Korleis løyser vi det, korleis sørgjer vi for at jorda er i bruk, seier Gundersen.
Leigebonden
Ein av dei som bidreg til den norske jordleigestatistikken er Tor Jacob Solberg. Han driv gard i Skiptvet i Østfold og har 1000 mål dyrka mark. 700 er leigd, 300 er eigd. Han produserer 425 tonn økologisk mjølk i året. I tillegg har han ammekyr. Då han vart kåra til årets unge bonde i 2014 rosa juryen Solberg for å ha funne ein veg inn i landbruket utanfor odelsretten.
– Eg prøvar å drive leigejorda på ein så god måte som mogleg. Men for eksempel å drive med grøfting er vanskeleg om ikkje eigaren også er med.
– Korleis er kontraktane dine, kan du planlegge?
– Noko jord er leigd på kort sikt, anna jord er leigd på lang sikt.
_
– Er odel eit hinder?_
– Absolutt ikkje. Eg vil ha odel. Særleg etter den siste endringa av loven. Det er til å leve med. Odel er positivt for generasjonsskifte. Det er ikkje lenger tabu å ikkje ta over ein gard ein har odel til, seier Solberg som sjølv er odelsgut på ein gard i Ski. Den overlét han til bror sin. Sjølv kjøpte han garden i Skiptvet som 21-åring fordi han ikkje ville vente med å bli bonde.
– Då bror min vart far, fann eg ut at det var på tide å seie frå seg odelen. Eg er glad for at familien hans har fått eit godt liv på heimgarden vår.
Solberg har gjort seg tankar om korleis leigejorda kan haldast betre i hevd.
– Eg vil ha eit jordfond som gjer at jordeigarar kan få ein skattefordel av å investere i eiga jord. Det hjelper veldig at dei som eig kan bidra til å halde jorda i hevd. Nokre av dei som leiger ut er svært opptekne av at jorda deira skal vere i god stand, seier Solberg.
– Det må lønne seg
Dei små, gråbrune kyllingane tumlar i lyngen på setra i Numedal. Fargen på fjørdrakta er god kamuflasje i haustlyngen. Men ingen klarar å telle fleire enn fire. I går var dei fem. Folket på setra fortel om ein grådig rovfugl som har sirkla rundt dei siste dagane. Har ikkje hønemor passa godt nok på?
– Er omfanget av leigejord eit problem?
– Den er ein logisk konsekvens av at driftsforma er i rask endring. Produktivitetsauken i landbruket er på seks prosent i året. Vi må doble produksjonen vår i løpet av 11 år for å henge med. Ein må ha ein viss andel leigejord. Prinsipielt er det bra fordi det gir fleksibilitet ved generasjonsskifte.
– Kva tenkjer du om ein jordreform, der målet er å få ned delen leigejord?
– Eg synest det er eit merkeleg forslag. Ein byrjar i heilt feil ende. Det må lønne seg å drive jorda. I dag blir mjølk og korn produsert på dugnad av familiar. Dei gjer det fordi dei kjenner glede, respekt og ansvar for å gjere det. Vi kan ikkje overlate dette til liberalistane, seier Lundteigen.