Det store
soyaparadokset

Brasiliansk soya har fått ei nøkkelrolle i norsk landbruk. Dei gylne bønnene er både høgt elska og sværtomstridd.

Ein grøn lastebil med gul stripe og ein logo med eit kornaks har akkurat fått fylt lasteplanet breiddfullt av gyllent soyamjøl. Det duvar mjukt oppe på lasteplanet i det lastebilen bremsar. Sjåføren går ut, festar eit dekke over lasta og gjer seg klar til å køyre ut frå industriområdet Øra, ved Glomma i Fredrikstad. Soyamjølet på lasteplanet skal brukast i kraftfôr, bli til mat for gris, kylling og kyr. Det proteinrike mjølet gjer at dei veks akkurat så fort, eller produserer så mykje mjølk, som dei må.

– Vi sikrar at vår soya er berekraftig, seier Karl-Erik Slinning.
Han er kvalitet- og utviklingsdirektør i Denofa, som er landets største importør av soyabønner til kraftfôr. Han er kledd i signalgul jakke og blå hjelm med Denofas logo. Han må heve stemma for å overdøyve motorduren frå lastebilane som ventar på å bli fylt med soyamjøl.

Galne kyr
Historia om soyaens veg til å bli ein nøkkelingrediens i norsk husdyrfôr startar med galne, britiske kyr. I 1995 stod røyken feit og svart på den britiske landsbygda. Det var kukadaver som brann. Kugalskap var brote ut. Sjukdommen er dødeleg for kyr, og den kan gjere at menneske utviklar den dødelege nervesjukdommen Kreutzfeldt Jacob.

Årsaka til utbrotet var bruk av beinmjøl som proteintilsetning i dyrefôr. Mange europeiske land, inkludert Noreg, innførte difor forbod mot beinmjøl. Jakta på ei ny proteinkjelde starta. Gylne soyabønner, dei aller fleste frå Brasil, vart svaret. I fjor importerte Denofa 400.000 tonn soyabønner. Desse bønnene er Pro Terra-sertifiserte. Det betyr at dei ikkje kan bli dyrka på jord som nyleg har blitt avskoga. Dessutan er bønnene, ifølgje Denofa, garantert GMO-frie.

– I gjennomsnitt er det ti prosent soya i norsk kraftfôr, i EU er det 16 prosent, seier Gro Tvedt Andersen. Ho er direktør for kommunikasjon i Felleskjøpet Agri, som er landets største produsent av husdyrfôr. Andersen meiner at det herskar forvirring om soyaens rolle i landbruket, og poengterer at bortimot 80 prosent av soyaen som blir brukt i norsk dyrefôr er laksemat. Berre 20 prosent går til norske husdyr.

Sjølv med ei stor kran kan det ta fleire dagar å tømme eit soyaskip frå Brasil.

Industrilandbruk
Store, tunge landbruksmaskinar som harvar over åkrar som ikkje ser ut til å ha nokon ende. Slik er brasiliansk soyadyrking. Legg til monokulturar, bruk av sprøytemiddel og landarbeidarar med brasilianske arbeids- og lønsvilkår. 76 prosent av soyabønnene Denofa importerte i fjor er frå Brasil. Dei fleste er dyrka i Mato Grosso-regionen.

Palmeoljen har dei siste åra blitt etablert som versting i matmarknaden. Ikkje berre er den ei kjelde til helseskadeleg transfeitt, den er også versting når det gjeld avskoging. I 2014 bestemte Felleskjøpet seg for å fase ut palmeolje frå sine fôrprodukt, etter ein serie kritiske oppslag. Den tidlegare landbruksforskaren Svenn Arne Lie meiner soyabønnene er verre enn palmeoljen.
– Omfanget av soyaforbruket vårt er større enn palmeoljeforbruket. Difor er også konsekvensane større, seier Lie.

Vil ha soyafritt i butikkane
Gjennom kampanjen «Rydd Norge» tar Lie til orde for å innføre soyafrie seksjonar i daglegvarebutikkane, inspirert av suksessen med garantert palmeoljefrie produkt.
– Men soyaen som blir brukt i norsk husdyrfôr er sertifisert gjennom ordninga Pro Terra?
– Sertifisering er å grønvaske eit problem. Dei som trur på slikt har ei naiv forståing av korleis produksjonen føregår. Sjølv om ein har sertifisering, legg ein likevel press på regnskogen, ein påverkar også jordfordelingsspørsmålet i Brasil på ein negativ måte, seier Lie, og legg til:
– Kor sikker kan ein eigentleg vere på garantien om at varene er GMO-frie? Mesteparten av bønnene som blir dyrka i Brasil er genmodifiserte.

Båten frå Brasil
Ved kaikanten i Fredrikstad står to enorme kraner. Dei blir brukt til å losse soyabåtane som har segla frå Brasil. Dei enorme lasteskipa kjem inn 14 gongar i året fullasta med gulkvite, tørre soyabønner. Aftenposten kalla den «båten som berger oss», fordi soyaen har fått ein nøkkelrolle i norsk matproduksjon.
– Skulle importen av soya falle bort, har vi eit alvorleg problem. Det er ikkje stor fare for det akkurat no, men det er ein faktor vi må sjå nærare på, seier Jan Ivar Botnan, forskningssjef ved avdeling Beskyttelse og samfunnsikkerhet ved Forsvarets forskingsinstitutt og forfattar av rapporten «Matsikkerhet i et klimaperspektiv».
– Finst det ein plan for kva Noreg må gjere om det skulle skje?
– Eg er ikkje kjent med at det finst ein gjennomarbeida beredskapsplan for kva vi skal gjere, seier Botnan.
Han er oppteken av beredskapslagring.
– Dei som har fått gehør for at Noreg ikkje skal ha noko beredskapslager for korn stør seg til ein analyse som seier at det alltid vil vere mat tilgjengeleg på marknaden, og at vi alltid vil kunne betale for den, seier Botnan.
Han understrekar at ein ikkje kan vite at marknaden vil fungere som normalt i ei krisetid.
– Erfaringa viser at store aktørar styrer marknaden. Då avlingane av kveite svikta på grunn av tørke i 2010, innførte Russland eksportforbod, seier Botnan.

Som i Sahara
Det kan ta fleire dagar å flytte dei tørre bønnene frå skipet og inn i Denofas kjølige lagerhaller. Kvalitetssjef Slinnig går først, like etter følgjer Christian Olsen, Denofas innkjøpssjef. Også han er kledd i signalgul jakke og blå hjelm. Etter kvart som auga ven seg til mørkeret i lagerhallen, kan ein sjå eit landskap av gulkvite soyabønnefjell. På avstand kan det sjå ut som sanddynene i Sahara. Slinning tar ein neve bønner i handa og lar dei falle langsamt ned på lagergolvet.
– Slik ser dei ut, dei liknar nesten på gule erter, seier han.
Soyaproduksjon har vore ei av drivkreftene bak å minske avskoging av regnskogen i Amazonas. Etter at produsentar og oppkjøparar i 2006 forplikta seg til å ikkje produsere eller kjøpe soya frå nyleg avskoga område, har avskoging på grunn av soyaproduksjon minka. Tiltaket er kjent som soyamoratoriet.

Testing, testing og testing
– Korleis kan du vite sikkert at bønnene de importerer ikkje er GMO?
– Det kan vi vite fordi gentesting gjer det mogleg å bli sikker. Sidan 1996 har vi hatt eit program for å sikre det, og for å spore bønnene, seier Bjarne Rask Thomsen, administrerande direktør i Denofa.
Til møtet med Nationen har han tatt med både berbar datamaskin og smarttelefon for å forklare soyaens veg fram til husdyrfôret. Soyabønnene frå Mato Grosso blir frakta i lastebilar til eit lager i byen Porto Velho. Derifrå blir dei frakta på elvelekter ned Rio Madeira til Itacoatiara ved Amazonaselva. Så går turen til Fredrikstad med lasteskip. Ved kvar lasting og lossing blir det gjennomført fleire gentestar.
– Dei blir testa om bønnene er Roundup Ready 1 eller 2, ettersom det er desse sortane av genmodifisert soya som blir dyrka i Mato Grosso. Ved ankomst i Fredrikstad blir bønnene testa ein siste gong av det norske Mattilsynet, seier Thomsen.

Soyabønnene fra Brasil blir frakta i lastebilar og lasteskip.

Vil ikkje samanlikne soya med palmeolje

«Soya spiser skogen» er eit gamalt slagord frå Framtiden i Våre hender. Organisasjonen har laga fleire rapportar om norsk soyaforbruk og konsekvensane for brasiliansk regnskog.
– Miljømessig er det ingen like direkte link mellom soyaimport og avskoging som det er mellom palmeolje og avskoging. Men i eit bærekraftperspektiv må vi likevel prøve å begrense importen av soya både på kort og lang sikt, seier Arild Hermstad, som er leiar for FIVH.
– Soyaen som blir importert av Denofa er pro-terra sertifisert?
– Vi anerkjenner at Denofa gjer det dei kan for å unngå avskoging. Men det kan ikkje bli eit argument for å importere meir. Soyaimporten er uansett med på å skape eit auka press på verdas materssursar, seier Hermstad.
Han seier det ligg eit paradoks i at Noreg gjennom FN betaler Brasil for å slutte å hogge ned regnskog. Samstundes blir brasiliansk soya importert i stor skala.
– Det er med på å leggje eit indirekte press på regnskogen, seier Hermstad.
– Kven er det som bør skjerpe seg, slik de ser det?
– Det er vanskeleg for bøndene å produsere meir på norske ressurar. Eg trur ikkje det er mogleg å auke produksjonen av kjøt utan å auke importen av soya. Difor bør vi minke kjøtforbruket. Eg veit at det er ein bodskap som er vanskeleg å selje inn til bondeorganisasjonane, men eit lågare kjøtkonsum ville også ha vore betre for dei, seier Hermstad.

Jaktar på nye råvarer

– Vi synest det er greit med ein debatt om korleis vi produserer norsk mat. Vi kan sjølvsagt velje å ikkje produsere mat i Noreg. Så kan jo nokon rekne ut kor mykje areal i utlandet Noreg då vil legge beslag på seier Knut Røflo, som er sjef for Felleskjøpet fôrutvikling og styreleiar i Foods of Norway.

Brasil har dobla sin produksjon av soya dei siste ti åra.
– Samstundes er avskoginga redusert med 80 prosent. I dag står soyaproduksjonen berre for ein prosent av avskoginga, seier Røflo.
Han seier at Felleskjøpet har fått internasjonal ros fordi dei er med på å skape ein marknad for bærekraftsertifisert soya.
– Den soyaen vi kjøper har vore avskogingsfri sidan 2004. Då FNs klimasjef Christina Figueres besøkte Noreg i fjor haust, understreka ho at lokale og nasjonale myndigheiter, næringsliv, finanssektor og frivillige organisasjonen er viktige for å oppnå FNs klimamål, seier Røflo.

Felleskjøpet arbeider også for å utvikle nye former for dyrefor. Røflo er styreleiar i Foods of Norway, eit forskinssenter ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet, som har mål om å utvikle ein ny generasjon av husdyrfor, for eksempel frå trevirke og tare.
– Det er mange moglegheiter. Det er for eksempel mogleg å produsere protein frå norsk gran og furu, men det er førebels ikkje lønsamt. Ei viktig oppgåve for forskinga er å optimalisere metoden. Soyaen og dei andre råvarene vi brukar i dag vil ha ein naturleg plass i norsk kraftfor i lang tid framover, seier Røflo.

Soyabønnene blir dyrka i Brasil før dei blir frakta til Noreg og endar opp i kraftfôr.

Dagleg kjem store lastebilar innom for å hente soyamjøl på Øra i Fredrikstad.

Norsk på norsk
Denne veka har Bondeorganisasjonane forhandla med staten om årets jordbruksoppgjer.
– Blir det meir soya i norsk landbruk etter dette jordbruksoppgjeret?
– Nei, det blir det ikkje, frå vår side vil vi stimulere til auka gras- og kornproduksjon, seier Lars Petter Bartnes, som har tatt ein kort pause frå forhandlingane for å snakke om soya.
– Er bruken av brasiliansk soya eit dilemma for Bondelaget?
– Norsk landbruk alltid vore avhengig av å importere både korn og protein til husdyra. Behovet auka etter at forbodet mot beinmjøl kom, og det auka igjen då Sylvi Listhaug innførte forbod mot bruk av fiskemjøl i fôret, seier Bartnes.
Bondelaget har som mål å auke delen av norske ingrediensar i husdyrfôret til 85 prosent innan 2025.
– Norsk topografi og klima legg sjølvsagt visse avgrensingar. Det kan bli mogleg gjennom forsking og utvikling, for eksempel gjennom prosjektet Foods of Norway, og ikkje minst gjennom å utvikle betre kvalitetsproduksjon av korn og gras i Noreg, seier Bartnes. ​

Støv og støy
– Soyabønnene blir først brekt, så blir dei varma opp til seksti grader og valsa ut til tynne flak, fortel driftsassistent på Denofa Jøran Edell Martinsen i dét vi er på veg inn i produksjonshallen.

Den er varm som ei badstove, støyande og støvfylt. Eit finkorna kvitt soyastøv ligg som eit tynt dekke over alt der inne. På grunn av støvet er det forbod mot bruk av elektronisk utstyr, også fotoapparat i duksjonshallen. Men journalistar med notatblokk får sleppe inn. Bønnene endar opp som tre ulike produkt: Soyaolje, soyalecitin og soyamjøl.

Produksjonshallen luktar sterkt av den tørre, salte lukta av soyamjøl som snart skal bli blanda inn i norsk kraftfôr.

For fleire saker gå til
www.nationen.no