Eit kappløp
For ti år sidan fløymde verdsmarknaden over av billeg mat, produsert gjennom hypereffektivt industrilandbruk i USA, Sør-Amerika og Asia. Å investere i afrikansk landbruk vart rekna som litt gamalmodig. Så skjedde det noko. I 2007 steig matvareprisane på verdsmarknaden med 50 prosent.
Sidan har prisane fortsett å stige. I 2011 auka matvareprisane i verda med 39 prosent på eit år, ifølgje statistikk frå FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO. Prisauken førte til eit internasjonalt kappløp om jord i Afrika.
Nedbrent avling
- oktober 2008 brann markene ved ein liten gard i Niassa nord i Mosambik. Ei heil avling med mango, banan og fersken vart forvandla til oske. Garden var inntektskjelde for ein familie med sju barn. Avlinga skulle sikre pengar til skolegang og helsehjelp. Bonden som eigde garden visste godt kven som hadde tent på. Det var skogselskapet Cikwetii, som dreiv ein furu- og eukalyptusplantasje like ved. Då bonden klaga, fekk han vite at skogselskapet hadde brent avlinga hans for å tryggje sin eigen plantasje mot skadedyr og sjukdom.
Han fekk også vite at skogselskapet berre tok imot klagar frå folk som eigde mobiltelefon. Sidan fekk han utbetalt ein kompensasjon på 15 dollar og 6 cent. Då han klaga, fekk han 2 dollar og 31 cent til. Erstatninga var framleis langt unna å dekkje tapet. Men han har aldri sidan høyrd frå verken skogselskapet eller det lokale politiet. Historia om brannen er gjengitt anonymt i rapporten Lord of the Lands, som var finansiert av Norsk Folkehjelp. Investorane i skogselskapet Chickwetii er frå USA, Nederland, Sverige og Mosambik.
Vil ha meir investering
Utviklingsfondet publiserte nyleg ein rapport der dei slo fast at jordbruket i Afrika sør for Sahara treng investeringar. I dag er kontinentet netto importør av mat. Folketalet er venta å auke. 20 prosent av innbyggjarane er underernærte. I tillegg er landbruket svært sårbart for klimaendringar. Organisasjonen oppfordrar utviklingsminister Børge Brende til å øyremerke 10 prosent av bistandspengane til jordbruk, og då spesielt i familiejordbruk i Afrika sør for Sahara. Utviklingsfondet viser til at Verdsbanken hevdar at det å investere i jordbruk er ein av dei aller mest effektive måtane å overvinne fattigdom på. Det gir raskare vekst enn satsing i andre sektorar.
– Den afrikanske union har som mål at ti prosent av nasjonalbudsjetta skal bli investert i jordbruk. Det er ein svært viktig sektor, ein når ut til mange gjennom jordbruket, seier Kari Helene Partapouli, som er dagleg leiar i Utviklingsfondet.
Nationen møter henne på organisasjonens kontor langt aust i Oslo sentrum. Utviklingsfondet serverer traktekaffi frå rettferdig handel.
80 prosent av bøndene sør for Sahara er småbønder som i stor grad dyrkar for sjølvberging. Berre om lag ti prosent produserer for å selje på ein marknad.
– Landbruket er ein nøkkel til svært mykje. Ein sikrar pengar til skoleuniformer, til bøker og til helsehjelp.
– Nordfund har investert i storskalalandbruk. Står det i motsetnad til den satsinga på småbønder som de etterlyser?
– Ikkje nødvendigvis. Men når ein skal ha utvikling, må ein sørgje for at det ikkje berre er utvikling for middelklassen, men for alle. Og då er småbøndene svært viktige, seier Partapouli.
Kven skal eige jorda?
Over heile Europa er eigarskap til naturressursar som jord, skog og fisk, i endring.
I ein artikkelserie i sommer ser Nationen på korleis eigarskapet i ulike europeiske - og i dette tilfellet, afrikanske - land utviklar seg. Kva for betydning har ulikt eigarskap for landbruket og matproduksjonen?
Artikkelserien har fått støtte frå stiftinga Fritt Ord.
Les fleire saker på nationen.no