Stille før jordskredet

Salsforbodet på jordbruksjord i Ukraina kan stå for fall. Nordmenn som har investert i eit av Europas viktigaste jordbruksland, merkar auka press på jorda allereie.

Noselivka, Tsjernihiv: Den beigefarga teglsteinsbygnaden i sentrum av landsbyen Noselivka var under Sovjet-tida kontorbygg for landbrukskollektivet Kuibyshev. I dag husar det lokalstyret, postkontor og administrasjonskontoret til det norskeigde landbruksselskapet Agri Seym.

Direktørkontoret frå kollektivtida er møterom når Kjell Haaland og dei andre norske eigarane planlegg og administrerer saman med den ukrainske staben.

Mørkt trepanel dekkjer vegger og skap. Sola kjem inn gjennom slitne, gamle vindaugsglas. Frå eine veggen talar Lenin til folket på eit måleri. På ein anna vegg heng nye kart over Noselivka og nabolandsbyen Kynashivka. Agri Seym driv jord begge stader.

I år er det sådd 8400 mål vinterkveite, 6180 mål solsikke, 2550 mål bygg. I tillegg erter, lupin, havre, mais, rug og vinterbygg, fortel Haaland. Han var initiativtakar til det norske eigarskapet og er i Ukraina fleire gonger årleg. Denne gong med tre av dei åtte andre eigarane.

– Vi har vore rundt og sett på avlingane. Det ser veldig bra ut, seier deleigar Arild Maka.

Agri Seym driftar 24.260 mål totalt. Eit lappeteppe av over 1000 jordstykkjer som er eigde av befolkninga i området for mellom sju og ti år om gongen.

Då Sovjetunionen gjekk i oppløysing, vart store delar av den dyrkbare jorda i Ukraina delt mellom dei som hadde jobba på kollektiva, nær 7 millionar innbyggjarar. Alle fekk eigarskap over mellom 30 og 50 mål kvar. Den jorda er det mellombels salsforbod på, og dei fleste leiger ho i staden vekk til private landbruksselskap.

Som konsekvens, er mykje av landbruksproduksjonen i Ukraina i dag konsentrert til rundt 50.000 landbruksselskap, ifølgje forskingsinstitusjonen Centre for Eastern Studies (OSW).

Politisk usemje

Det har lenge vore snakk om at salsforbodet kan stå for fall. No jobbar regjeringa med Verdsbanken om ein landreform. Det seier viseminister Vladyslava Rutytska i Landbruksdepartementet.

Kontoret hennar i den ukrainske hovudstaden vender ut mot Maidanplassen, der det blodige slaget om makta stod for litt over to år sidan, og presidenten Viktor Janukovitsj vart avsett og seinare erstatta med meir EU-venleg styre. Aust i landet er det framleis krig mot russarane, men det merkast ikkje på gatene i hovudstaden.

– Eg ønskjer ein klar og open jordmarknad. Då er det nødvendig å førebu lovgiving på feltet og også eit eigedomsregister. Vi jobbar med Verdsbanken for å få til det, men det er også nødvendig å få det gjennom parlamentet, og der finst det ulike syn, seier Rutytska.

– Eg ønskjer ein klar og open jordmarknad.

Vladyslava Rutytska, viseminister Landbruksdepartementet i Ukraina

Motstandarar mot å oppheve salsforbodet fryktar styrtrike oligarkar og utanlandske investorar skal kjøpe opp for mykje av jorda, og at dei grøderike ressursane som i dag er fordelt blant mange skal ende i hendene på nokre få. Alt i dag kontrollerer dei hundre største landbruksselskapa rundt 16 prosent av dei over 400 millionane mål jordbruksjord i Ukraina, ifølgje OSW.

Rutytska kallar likevel frykta populistisk.

– Det er ikkje slik eit berekraftig jordbruk vert utvikla. Vi ønskjer å finne dei beste løysingane. Alle forstår likevel at investeringar er av største viktigheit, og at moderne teknologi og samarbeid med andre land også er viktig, seier ho.

I fyrste omgang vil departementet utvide varigheita av leigekontraktane for jorda til fleire år, og gi høve for å ta pant i den leigde jorda i bankane. Det er fyrste steg på vegen mot ein fri marknad på jord, ifølgje Rutytska.

Vil auke verksemda

Den fruktbare svartjorda – chernozem – klimaet og den store produksjonen av korn, har gjort Ukraina kjent som «Europas kornkammer». Delrepublikken stod for 25 prosent av jordbruksproduksjonen i Sovjetunionen.

I dag er landet blant verdas største eksportørar av korn og vegetabilske oljer og eit ynda mål for investorar. Blant dei største er oligarken Oleg Bakhmatyuk. Han eig det meste av UkrLandFarming, som med 6,5 millionar mål jord over heile landet, er Ukrainas største landbruksprodusent.

Fleire utanlandske selskap har også fått godt grep om jorda. I 2014 kontrollerte utlendingar samla rundt 20 millionar mål landbruksjord i landet, ifølgje den amerikanske tenkjetanken Oakland Institute.

Danskeigde Trigon Agri, med 460.000 mål jord, vert rekna blant dei ti største utanlandske landbruksselskapa.

Administrerande direktør Simon Boughton seier selskapet gjekk inn i Ukraina i 2006 då mykje av jorda låg brakk, råvareprisane var høge og det var relativt lett å tene pengar.
I dag er råvareprisane mykje lågare, og det å drive lønsamt langt meir utfordrande, seier han. Likevel har selskapet som mål å prøve å auke verksemda i Ukraina, både kva gjeld talet hektar å produsere på, og produktiviteten per hektar.

– Storleiken på areala og på bruka gir fantastiske moglegheiter for maskinell og personalmessig effektivitet og stordriftsfordelar, dersom det vert forvalta profesjonelt, seier han.

– Ville Trigon Agri ha kjøpt jorda om det var mogleg?
– Det har vore snakk om å oppheve forbodet dei siste 15 åra, utan at det har skjedd. Personleg trur eg ikkje vi ser endringar med det fyrste. Trigon sin modell er leigebasert, så for oss vil det truleg ikkje ha stor effekt uansett med tanke på at vi har langsiktige leigeavtalar, men for å vere ærleg er det litt som å prøve å sjå i krystallkula. Ingen veit om og kor tid forbodet vert oppheva eller korleis ting ser ut då, så det er vanskeleg å gi eit endeleg svar no.

Konkurranse om jorda

Med 24.260 mål jord, er norskeigde Agri Seym nær hundre gonger større enn eit norsk snittbruk, men lite jamført med dei store landbruksbedriftene i Ukraina.

Vert det opna for jordsal, har selskapet forkjøpsrett til jorda det leiger. Haaland håpar likevel det ikkje skjer.

– Å selje jorda vil vere som å slakte gåsa som legg gullegget. Ukraina er Europa sitt spiskammer. Landbruksjord utgjer eit stort potensial og store moglegheiter for å tene pengar, seier han.

Haaland jobbar med logistikk i Forsvaret og er ikkje bonde i Noreg, men interessa for landbruket i Ukraina vakna då han var i landet fyrste gong i 1996. Den gong såg han store jordbruksareal liggje brakk. Då han rundt ti år seinare fekk med seg andre på å leige jord i landet, brukte han to år på å finne ledig og passande areal.

Sidan har han fått merke at konkurransen om jorda tilspissar seg. Då jordleigekontraktane skulle reforhandlast i 2012 og 2013 forsvann over hundre utleigarar nærast over natta til to ukrainske konkurrentar.

– Vi mista 1000 hektar jord då, men har fått ein god del av ho tilbake. Årsaka er nok at dei to andre firmaa ikkje sysselset folk her i landsbyen. Det gjer vi. Nær 50 personar herifrå jobbar for oss. Men noko av jorda skal vi slite med å få tilbake, seier Haaland.

Vert det opna for sal, fryktar han store investeringsselskap kan kome inn og overta det meste av jordbruksdrifta i landet, og utan å gjere bruk av lokal arbeidskraft.

– Er de interesserte i å kjøpe jorda, om forbodet fell?
– Ja, men eg skjønar ikkje korleis vi skulle fått tak i pengane til å klare det. Ut frå verdisetjinga i dag, ville prisen for jorda vi leiger kome på mellom 12. og 15. millionar kroner. Det er vanskeleg å finne så mykje pengar unntatt for dei som er uendeleg rike.

«I Noreg driv vi jordbruk i ei steinrøys.»

Vil ikkje selje

– Eg vil leige ut jorda, men eg vil ikkje selje. Absolutt ikkje, seier Valja Samotyazhko (43) bastant.

I den velstelte kjøkkenhagen hennar i Noselivka står rader med gulrøter, agurk, kål, pepar, poteter, salat og tomatar.
Sonen Sergiy plukkar kål. Faren Mykola pleidde å køyre traktor og mjølke kyr for kollektivet. No er han pensjonist og ser til at tobakksplantene hans har det godt i ettermiddagssola. Mellom planteradene sildrar det inn gjødsel frå fjøsbygnaden familien har bak huset. Der er det plass til hesten, dei fire kyrne, to grisar og kaninar. På tunet spankulerer høner, kyllingar, broilerar og gjæser.

Familien er sjølvberga med det meste. I tillegg produserer dei poteter, agurk, ost, rømme og cottage cheese for sal. Gras til kyrne får dei frå eit 20 mål stort jorde lenger unna. Resten av jorda dei eig leiger dei ut for fleire år om gongen til Agri Seym.
Leigekontrakten gir dei rundt sju prosent av verdien av jorda i året. Det svarar til litt over 40 norske kroner per mål. I tillegg får familien delbetaling i korn, produsert av Agri Seym.

Mannen til Valja, Oleksandr, har jobb på sagbruket selskapet driv.

– Vi har meir jord enn vi kan bruke sjølv, men hadde vi selt jorda, ville vi fått pengar berre ein gong. No har vi stabil leigeinntekt kvart år, og vi får kveite tilbake frå selskapet, seier Samotyazhko.

– Eit eventyr å vere med på

Jordleiga Agri Seym betalar utgjer samla rundt ein million norske kroner årleg. Dei største utgiftene for selskapet elles går til opprusting og vedlikehald av maskinar og bygningar. Selskapet driv også sagbruk og kornmølle, som jordeigarane får nytte til gode prisar. Det går også med rundt 30.000 kroner årleg i velgjerdstiltak, som å finansiere scenelys til kommunehuset, ordne datautstyr til skulen, hjelpe med kiste når nokon i landsbyen døyr.

– Vi har på ein måte overteke kollektivbruket, seier Haaland.
Korrupsjon er framleis eit utbreidd problem i Ukraina, men Haaland seier dei ikkje merkar veldig mykje til det.

Veldig utbytterik har jordbruksdrifta i Ukraina ikkje vore for nordmennene enno. Selskapet gjekk med tap i 2013, som følgje av låge prisar, særleg på solsikke og korn. 2014 og 2015 var betre, men det står att mykje investeringar, seier Haaland.
Totalt har nordmennene investert 12 millionar kroner i selskapet. Magne Nygård, som til vanleg er bonde i Sandnes, er nyaste deleigar. Han ser moglegheiter i Ukraina som ikkje finst heime.

– Det er fasinerande med mais som er to meter høg. I Noreg driv vi jordbruk i ei steinrøys. Det her er eit eventyr å vere med på, men det må til enorme investeringar, og eg trur ikkje det er pengar i det på kort sikt, seier Nygård.

– Dei fleste av oss gjer ikkje dette berre for pengane, men eg trur det er pengar å hente her på sikt. Det er også målet. Det ligg stort potensial i jorda om vi utnyttar ho optimalt, seier Haaland.

– Vi har meir jord enn vi kan bruke sjølv, men hadde vi selt jorda, ville vi fått pengar berre ein gong.

Kvifor selje?

Kynashivka, Tsjernihiv: Landsbyen Kynashivka ligg omgitt av kilometer på kilometer med store jorde som er leigde av Agri Seym. Jordeigar Sasha Gregorovich seier det er viktig at jorda hans vert teken godt vare på.

– Skilnaden går på om ein brukar jorda på god måte, utan mykje bruk av kjemikaliar og overproduksjon, eller ikkje, seier han.

Utanfor huset han delar med kona og dei to sønene har han sjølv halvtanna mål frodig kjøkkenhage med poteter, mais, gresskar, agurk og squash som vert stella med omhug. Det same vert grisene, kaninen, hønene og hunden i gardstunet.
Det han leiger ut, er nær 90 mål jord arva etter besteforeldra. Til dagleg jobbar han for Agri Seym som traktorkøyrar og maskinist.

– Kvifor dyrkar du ikkje jorda di sjølv?
– Eg har ikkje det som trengst av pengar og maskinar. Det er vanskeleg å ta vare på det sjølv, seier han.

– Vil du selje, dersom det vert lov?
– Nei, eg vil halde på jorda sjølv og halde fram å leige ut. Kvifor skulle eg selje noko? Eg bur jo her.

Trur ikkje utlendingar vil kjøpe

Olexiy Parkhomchuk trur ikkje ei oppheving av forbodet mot sal av jord i Ukraina kjem til å medføre ein bonanza av oppkjøp frå utlendingar.

Ukrainaren er investeringsdirektør for det danske investeringsfondet IFU, som har delteke i i alt 56 danskeeigde investeringsprosjekt i Ukraina sidan 2000, dei største prosjekta innanfor landbruk. Danskane er særleg store på svineproduksjon, og står for om lag 10 prosent av den ukrainske produksjonen av slaktegris.

Parkhomchuk trur salsforbodet på jorda vert oppheva på eit tidspunkt, men ikkje at utanlandske selskap vert blant dei som får kjøpe. I alle fall ikkje i starten. Og om dei får kjøpe, er han ikkje viss på at dei ønskjer å gjere det.

Han seier inntektsmoglegheitene i Ukraina har endra seg det siste året, etter at frihandelsavtalen mellom Ukraina og EU tok til å gjelde. Før januar i år var prisane i Ukraina høgare enn i Danmark og resten av EU. I dag er dei nesten like snittet i EU.

– Alt i alt er det framleis meir lønsamt å drive her enn det ville vere i Danmark, men ikkje så lønsamt som det brukte å vere, seier han.

– For landbruksselskapa er det både lettare og billegare å leige jorda enn å eige ho, seier han.

Tilrår fritt sal

Analytikarane i organisa­sjonen Easy Business i Kiev meiner Ukraina bør gå for fritt sal av jordbruksjorda.

Easy Business, som vart oppretta like etter Maidan-demonstrasjonane, er finansiert av Verdsbanken og andre internasjonale donorar, og rådgir i dag regjeringa i saker som har med deregulering av økonomien, infrastruktur og energi å gjere.

Etter ein studie av internasjonale erfaringar og estimeringar av økonomiske effektar av oppheving av salsforbod på jord i andre land, har dei kome til at ein heilt fri marknad gir eit meir økonomisk effektivt landbruk enn nokre andre scenario.

– Ein fri marknad for jord vil i Ukraina sitt tilfelle kunne generere rundt 120 milliardar dollar meir i bruttonasjonalprodukt i løpet av dei neste ti åra, seier prosjektansvarleg Dmytro Lyvch.

– Vil stige i verdi
Nick Gaidai, som er ein av skiparane av Easy Business, seier funna frå studien også syner at jorda vil stige i verdi dersom det vert opna for sal av jord.

– Folk trur at utlendingar og investorar kjem til å kjøpe store delar av jorda, men det er kjem ikkje til å vere økonomisk effektivt. Det trengst investeringar i jorda for å drive mest mogleg effektivt, og ingen kjem til å ha råd til å kjøpe mykje, seier han.

– Vil presse leigeprisane

Analytikarane meiner også at høve til å selje jord vil presse leigeprisane oppover og dermed gi utleigarane større forhandlingsmakt, og kunne medføre at landbruksjorda vert utvikla over heile landet.

– I dag eksporterer vi nesten berre landbruksråvarer. Det er ikkje mykje av bearbeidde og høgverdiskapande landbruksprodukt som Ukraina eksporterer, seier Gaidai.

Kven skal eige jorda?

Over heile Europa er eigarskap til naturressursar som jord, skog og fisk, i endring.

I ein artikkelserie i sommer ser Nationen på korleis eigarskapet i ulike europeiske land utviklar seg. Kva for betydning har ulikt eigarskap for landbruket og matproduksjonen?

Artikkelserien har fått støtte frå stiftinga Fritt Ord.

Les fleire saker på nationen.no