Slaget om Skottland

Den skotske landsbygda har vore tumleplass for rikingar og adelege. No blir det gjort forsøk på å endre restane av ein føydal struktur.

Dervaig, Isle of Mull: Det dryp framleis frå takrennene etter morgonens kraftige regn. Her ute på den skotske vestkysten bør ein nemleg ikkje la seg lure av sola. Namnet på landsbyen kjem frå norrønt, og tyder at det er ein stad med godt innløp for båtar. Skal du vidare vestover treff du ikkje land før du når Newfoundland and Labrador på den kanadiske austkysten.

I det grønmåla huset rett bak landsbyens hotell held North West Mull Community Woodland (NWMCWC) kontor. I 2006 kjøpte NWMCWC, som eit av dei fyrste lokalsamfunna, opp to skogområde.

– Loven hjelper mykje, men den går ikkje langt nok, seier Ian Hepburn.

Han er ein av styremedlemene i NWMCWC, og sit også i styret til paraplyorganisasjonen Community Land Scotland, som organiserer lokalsamfunn som har kjøpt eller vil kjøpe land. «Community land» er i Skottland gjerne landområde lokalsamfunnet har kjøpt og overført til ei eigarstifting, som har som føremål å forvalte eigedomen til det beste for lokalsamfunnet. NWMCWC er i dag organisert som eit aksjeselskap, med velgjerdsansvar, der overskotet skal pløyast attende i utvikling av eigedomen og lokalsamfunnet.

Saman med utviklingsdirektør Malcolm Ward Hepburn oss skogsområda som no er styrt og gir inntekter til lokalsamfunnet.

– Loven utvidar rettane for folk og lokalsamfunn i rurale strøk. Men eit lokalsamfunn har ikkje rett til å kjøpe frå landeigaren anna enn når eit område blir lagt ut for sal, seier Hepburn.
Loven han snakkar om er Land Reform Act – landreformen – som vart vedteken av det skotske parlamentet i mars, med 102 mot 14 stemmer. Loven har som mål å sørgje for ei anna fordeling av jordeigarskapen i Skottland enn dagens struktur, mellom anna ved å gi rettar til lokalsamfunn til å kjøpe opp statlege eller privateigde område.

Fakta om Skottland

* 71 % av Skottland blir brukt til jordbruksføremål (dyrka mark og beiteområde).

* Jordeigarskapen i Skottland er svært skeivt fordelt, og halvparten av den privateigde jorda i Skottland er eigd av 432 eigarar.

* I 2015 var det registrert 52.303 jordbruksselskap (holdings) i Skottland.

* Ni prosent av eigarane eig 76 % av jordbruksjorda.
144 eigarar eig over 100.000 mål.

* Det skotske parlamentet vedtok i mars ei omfattande jordreform - Scottish Land Act - som har som føremål å på sikt få fleire eigarar.

Bruken av jorda

Skottland er eitt av landa i Europa der eigarskap til jorda er mest ulikt fordelt.

– Den skotske landreformen handlar om korleis landet vårt best kan brukast, og korleis ein best kan dra fordelar frå landet.

Det seier forskar Annie McKee ved James Hutton-instituttet i Aberdeen. Ho har forska på forholdet mellom lokalsamfunn og godseigarane.

Det skotske parlamentet vart oppretta i 1999, og Scottish National Party (SNP) starta på arbeidet med ein reform. I 2003 vart føydalisme avskaffa med lov. Samstundes vart allemannsretten innført, og folk kunne ta i bruk naturen utan å få særskilt løyve frå grunneigaren.

– Historisk har førestillinga vore at jorda berre er til fordel for nokre få menneske, på grunn av konsentrasjonen av jord på få hender, seier McKee.

I dag er det framleis slik at 432 eigarar eig over halvparten av all privateigd jord i Skottland. McKee peiker på fleire historiske årsaker til eigarskapsmønsteret, som det skotske klansystemet, og at monarkiet sette trendar for jordeigarskapen.

– Dronning Victoria kom til Deeside og kjøpte eigedom, og mange rikfolk ynskte å vera som henne, så dei kjøpte jord også, seier McKee.

Debatten om skotsk jordeigarskap blir gjerne eit slag mellom dei som vil rette opp historisk urettferd, og dei som meiner at det i dag handlar meir om korleis landet blir brukt, og ikkje kven som eig det.

– Den nye loven bringar inn nye tiltak for å få meir likskap, og for korleis ein kan sikre at folk blir involvert i beslutningstakinga. Samstundes er loven juridisk komplisert – og spørsmålet er om dette verkeleg er eit stykke lovgiving eller om det handlar meir om ei kulturell endring. Loven er i praksis ei stor pakke av endringar, om alt frå lokalsamfunna sin rett til å kjøpe, jordleigekontraktar, sportsjakt og hjorteforvaltning, seier McKee.

432 eigarar eig over halvparten av all privateigd jord i Skottland.

Til fordel for lokalsamfunnet

Hepburn og Ward peiker på at lokalsamfunna ikkje kan tvinge jordeigaren til å selje. Unntaket er om lokalsamfunnet kan påvise at jordeigaren ikkje utviklar det området dei ynskjer å kjøpe godt nok og til det beste for lokalsamfunnet.

– I teorien har lokalsamfunn rett til å kjøpe eit område. Men det er ingen garantiar for det, seier Malcolm Ward.

På Mull er hovudnæringane for dei 2500 innbyggjarane opprett av fisk og skaldyr, og skogbruk. North West Mull Community Woodland har laga ein 20 års plan for hogging og planting, og for at lokalsamfunnet skal kunne bruke delar av skogen. Ein skogskule er oppretta, som den lokale skulen bruker i undervisning. NWMCWC, som i dag har 165 medlemer, var det fyrste som kjøpte skog frå styresmaktene, og eig i dag to skogteigar. Den eine teigen vart planta i 1965, og så forlaten. Den andre halvparten vart planta 10–15 år etter. Ingen vegar batt saman skogen med andre vegar, og selskapet måtte investere i bygging og utbetring av vegar for tømmertransport, bruer, og kaianlegg.

Totalt har utbetringane kosta over to millionar pund, der lokalsamfunnet sjølv har lagt i 700.000 pund, og over dei neste 20 åra skal minst 600.000 tonn tømmer fraktast av øya.

Tømmeret blir seld til eit selskap, som har ansvaret for å vedlikehalde skogsvegane, hogge ned og selje tømmeret vidare. Selskapet får ein viss prosentdel av salet, som skal stimulere til å selje tømmeret til ein høg pris.

Oldfashioned duty

Kincardine O'Neill: Elva Dee renner austover, gjennom Aberdeenshire og ut i Nordsjøen i Aberdeen, og har gitt namn til området Deeside. Deeside er gjerne kalla «det kongelege Deeside», og er eit områda i Skottland med store godseigedomar og slott, som Dronning Elisabeth sitt private feriegods Balmoral.

Overfor landsbyen Kincardine O'Neill ligg Kincardine gods. Godseigar Andrew Bradford tek i mot oss i ei av stovene i slottet, som vart ombygd på 1890-talet i skotsk baronstil. Med 3000 acres – litt i overkant av 12.000 mål – er Bradford og familien langt frå av dei største eigarane i Skottland. Den aller største jordeigaren – Hertugen av Buccleuch – eig i underkant av éin million mål.

Bradford overtok godset i 1979, og har aldri tenkt at det var noko anna alternativ.

– Nei. Mor mi overlét godset til meg i full tillit, og gav meg ansvaret for å ta vare på denne staden. Derfor har heile livet mitt gått til å oppfylle denne plikta, seier Bradford.
Og plikta er noko han kjenner på.

– Plikt er eit gamaldags konsept som folk i dag ikkje kjenner att. Eg har aldri sett på dette godset som noko eg kan selje. Eg vart tiltrudd forvaltning av godset, og håpar eg har klart å leva opp til denne tilliten, seier han.

Godseigarar under press

Som så mange andre godseigarar er Bradford kritisk til landreformen. Bradford har gjennom Scottish Land and Estate – ein interesseorganisasjon for godseigarane – engasjert seg mellom anna for utleige av rimelege bustader. 61 av dei 69 husa han eig er leigd ut rimeleg.

– Det er ikkje uvanleg, men typisk, seier han.
I fjor undersøkte han 19 av dei privateigde godsa i Deeside. Av dei 589 bustadane som vart leigd ut av eit gods har 85 prosent ei rimeleg leige. Tilsvarande har det offentlege 390 rimelege utleigebustader.

– Godsa dekkjer opp eit behov. Eg er svært bekymra for at køyret med landreformen vil ha negativ innverknad på tilgangen på rimelege bustader, seier Bradford.
Han har sett døme der nye eigarar har splitta og seld ut eigedomar frå eit gods, og der dei tidlegare rimelege bustadane i dag anten er seld til marknadspris og brukt som feriehus, eller blir leigd ut til marknadspris, som er langt høgare enn den tidlegare leiga.

Nede i landsbyen Kincardine O’neill sit Amy Poor og hunden Diego utanfor eit hus. Ho er ein av leigebuarane til Andrew Bradford, og bur i eit av dei rimelege husa.

Det vesle tunet der ho bur var tidlegare ei jordbruksbygning. Bygningane var i ferd med å ramle ned, og vart pussa opp og gjort om til bustader.

– Det er ikkje mange stader der det er mogleg å få tak i rimelege bustader. Det er ein lovely, little place.

Nøkkelen er eigarskap

I Dervaig er dei godt i gang med å hogge skogen. North West Mull Community Woodland kjøpte opp skogsområda Langamull og West Ardhu for 342.000 pund i 2006.

– Skogområda vart lagt ut for sal, og folk på øya ville ikkje at nokon andre skulle kjøpe. Då ville me ikkje hatt kontroll på kva som skjedde med området, fortel Hepburn og Ward.
Det vart avgjort at den beste måten for lokalsamfunnet var å kjøpe opp skogen.

– Men det er openbert at det å drive skogbruk ved å hogge ned tre kvar 25.–30. år utviklar ikkje samfunnet, fordi det berre vil vera arbeidsplassar i ein kort periode, før dei er borte att. Difor har me sett på korleis me kan bruke området til andre ting.
Mellom anna er ni såkalla «crofts» – småbruk der bonden leiger jorda – bygd opp, og det er lagt til rette for arkeologiske utgravingar, og ein småkraft-stasjon under utbygging.

– Landreform-arbeidet som er gjort dei tre siste åra har utvida moglegheitene me har som ruralt samfunn. Me har no same sjanse til å kjøpte ein eigedom, noko som er ei betydeleg endring, seier Hepburn.

– Nøkkelen for meg er at utan eigarskap til landet, så ville ikkje desse skogområda brakt mykje til området her. Men i dag gjer det det. Me kan bruke verdien av eigarskapet til å skapa meir verdi. Om du berre leiger eit område, er bruken svært avgrensa. Eg trur eigarskap er det sentrale elementet, seier Hepburn.

Ynskjer ikkje oppsplitting

Bradford har tre born, og han håpar ein av dei ein dag vil ta over forvaltninga av Kincardine-godset.

– På grunn av styresmaktene blir det diverre mindre og mindre attraktivt for neste generasjon å ta over, seier han.

Han meiner styresmaktene ynskjer å splitte opp dei store godsa, og at politikarane driv dette ynsket gjennom på fleire måtar, men utan å sjå på det store biletet.

– Blir eit gods splitta opp, får det konsekvensar som neste generasjon må tenkje over. Filosofien kring landeigarskap i tradisjonell forstand er at me som eigarar skal prøve å støtte lokalsamfunnet. Eg trur også ynsket om å vidareføre tradisjonen med rimelege utleigebustader forsvinn.

Styresmaktene ynskjer å kutte av seg nasen, og ignorerer kva skade det gjer på ansiktet. Haldninga er at «berre me lukkast i å splitte opp dei store godsa, er det bra». Det er ei veldig kortsiktig haldning og strategi, om du ikkje legg på plass ein strategi for kva du gjer med dei folka som blir fortrengt frå rimelege bustader.

– Det heile blir drive meir av eit dogme enn sunn fornuft. Og eg har vore lenge nok i dette gamet til å vita at sunn fornuft og politikk ikkje ser ut til å vera sengekameratar.

Skotsk jord er ein del av ein global marknad, og mykje blir eigd av folk som ikkje bur her. - Folk som ikkje bur her, bør heller ikkje eige.

– Det handlar om å demokratisere jorda

Ein av dei fremste ekspertane i Skottland trur det blir store endringar på sikt.

Andy Wightman er rekna som ein av dei fremste ekspertane på jordeigarskap i Skottland, og har jobba med spørsmålet i 30 år. Han fekk interesse for eigarskap då han studerte skogbruk på universitetet i Aberdeen på 1980-talet.

– På den tida kjøpte velståande personar, idrettsfolk og folk frå London opp land i Skottland for å plante ny skog. Det var ein del av skatteplanlegginga deira, fordi det låg eit skatteinsentiv på bordet. Eg lurte på kvifor me ynskte å auke skogplantinga gjennom å gi rike folk skattelette.

Då Wightman byrja å stille spørsmål, synte det seg at folk ikkje var så interesserte i å ta opp saka.

– Det var sensitivt. Spørsmålet om jord, pengar og makt var ikkje mykje diskutert, og eg tykte det var interessant å vita meir om det. Han kom etter kvart i kontakt med eit forlag som ynskte å gi ut ei bok som skotsk eigarskap. Det vart byrjinga på den fyrste boka Wightman gav ut om skotsk jordeigarskap; «Who owns Scotland?», som kom i 1996.

Seinare har han gitt ut boka «The Poor Had No Lawyers», og driv ein eigen blogg om eigarskapsstruktur i Skottland.

Ikkje på agendaen
Då det skotske parlamentet vart etablert i 1999, hadde ikkje Skottland hatt eige parlament sidan 1707.

– Spørsmålet om eigarskap hadde vore reist i fleire tiår, men den britiske regjeringa i London hadde ikkje teke fatt i det. Det skuldast at det var lite tid til å drøfte skotske spørsmål i det britiske parlamentet, og eksistensen av Overhuset, som bestod av mange landlords, seier Wightman.

Han seier Skottland, i motsetning til mange andre europeiske land, ikkje har hatt ein jordreform.

– Ei av årsakene til manglande politiske diskusjonar er mellom anna at Storbritannia ikkje har ein konstitusjon, og at aristokratiet hadde makt i parlamentet fram til 1997.

Wightman peiker også på at born ikkje har rettigheiter til å arve, og at føydalismen ikkje vart avskaffa før i 2004.

– Ein betydeleg del av den politiske makta har difor vore på få hender, seier han. Jordeksperten peiker på at det opp gjennom tida har vore reformer, som mellom anna har sikra bønder som forpaktar gardar – såkalla tenant farmers – større rettigheiter.

– Men det har ikkje vore reformer av den grad som det skotske parlamentet har jobba med no, der lokalsamfunn får større rettigheiter, det blir reist krav om større openheit og informasjon om eigarskap slik at folk veit kven som eig Skottland, og reformer kring skattlegging av land.

Wightman seier det ikkje handlar om jordeigarane gjer ein bra jobb eller ikkje.

– Det handlar om graden av demokratisk involvering i samfunnet, og korleis jorda blir styrt. Landreformen handlar om å demokratisere jorda, seier Wightman.

Trur på endringar
Fleire av dei store jordeigarane i Skottland er utanlandske, som til dømes den danske milliardæren Anders Holch Povlsen, som med sine 600.000 mål er den nest største private eigaren i Skottland.

– Absentees – fråverande eigarar – har vore ei stor sak lenge. Skotsk jord er ein del av ein global marknad, og mykje blir eigd av folk som ikkje bur her. Synspunktet mitt er at folk som ikkje bur her, heller ikkje bør eige, seier Wightman.

Wightman, som sidan valet i mai har representert Dei grøne i det skotske parlamentet, er sikker på at det vil blir endringar i eigarskapen.

– Det vil ta ein generasjon. Samstundes er det vanskelegare å gjennomføre eigarskapsreformer i det 21. hundreåret, fordi menneskerettar i eit europeisk perspektiv vernar om privat eigarskap. Det gjer reformarbeidet meir juridisk komplekst, seier han.

Kven skal eige jorda?

Over heile Europa er eigarskap til naturressursar som jord, skog og fisk, i endring.

I ein artikkelserie i sommer ser Nationen på korleis eigarskapet i ulike europeiske land utviklar seg. Kva for betydning har ulikt eigarskap for landbruket og matproduksjonen?

Artikkelserien har fått støtte frå stiftinga Fritt Ord.

Les fleire saker på nationen.no