Den leigde jords logikk

I Danmark har det vorte så kapitalkrevjande å kome seg inn i landbruket at nye bønder slår seg saman for å klare seg. Eller dei må få hjelp av eksterne investorar.

Skovbakkegaard, Sjælland: – No veit vi ikkje om vi vil kjøpe garden tilbake.

Christian Andersen (34 år) sit ved kjøkkenbordet heime på mjølkebruket han driv saman med kona og dei to barna, sju mil vest for København. Utanfor vindauget plaskar det fyrste sommarregnet ned med slik kraft at det vert grave bekkar i gardstunet og danna små dammar i grøftekantane.

– Det regnar pengar, seier han.

Det er etterlengta. Hadde det gått særleg mykje lenger tid utan regn, hadde det gått utover fortenesta for både Andersen og bønder andre stader i Danmark. Og er det noko danske bønder ikkje treng, er det fleire faktorar som går utover fortenesta.
Rekordhøg gjeld og låge verdsmarknadsprisar særleg for svin og mjølk har gjeve fleire danske bønder alvorlege økonomiske problem. Den russiske boikotten av EUs landbruksvarer og søkkjande etterspurnad i fleire andre viktige marknader den siste tida har forverra situasjonen. Det vert meldt om konkursrekordar og eit landbruk i krise.

"Om lidt bliver her stille" skriv Magasinet Kvæg i juninummeret som ligg på kjøkkenbenken. Mjølkeprisen har falle med 10 øre literen berre siste månaden. Det åleine utgjer potensielt 220.000 kroner årleg for Andersen som produserer 2,2 millionar liter mjølk i året.

Men prisen har ikkje berre gått ned siste månaden. Han har falle sidan starten av 2015, som var året etter at EU oppheva mjølkekvotane. Like før kvotane vart oppheva, gjekk Andersen konkurs.

– Vi hadde for mykje gjeld og for låg produktivitet. "Det var ikke sjovt", seier han kort, og utan å dvele.

– Vi hadde ei praktisk innstilling og ville løyse det i staden for å gi opp.

Glad for å ikkje eige

Løysinga var pensjonsselskapet "AP Pension", som gjekk inn og kjøpte den konkursråka eigedomen med alle bygningar.

Andersen driv garden vidare, men eig i dag berre dyra og maskinane sjølv.

– Eg er glad for denne konstruksjonen - det å ikkje vere eigar. Det er fint å ha ein samarbeidspartnar. Før var det jo banken som eigde eigedomen, så dette er bra, seier han.

Andersen driv økologisk og klarar seg betre enn mange andre.

– Økologisk mjølk er mykje betre betalt enn konvensjonelt produsert. Økonomien vår går i null i år. Det er veldig bra jamført med dei som får 2 millionar kroner i minus, seier han.
Som følgje av at kvotane er oppheva, har han også kunna utvide produksjonen frå 1,3 millionar liter mjølk og 180 kyr i 2014 til 2,2 millionar liter og 240 kyr i dag.

Mellom 10 og 20 eigedomar

Det var i 2013 at AP Pension, som opphavleg var pensjonsforeining for samvirkeorganisasjonane, gjekk inn med 300 millionar kroner i ein investeringsmodell retta mot landbruket.

Administrerande direktør Søren Dal Thomsen i pensjonsselskapet sa til Berlingske Tidende at det på sikt kunne verte snakk om ei milliardinvestering, dersom investeringane gjekk etter planen.

Pensjonsselskapet forventa ei årleg avkasting etter kostnader på 4,75 prosent før skatt på landbruksjorda og på 6,5 prosent på landbruksbygningar. I tillegg til ei forventa årleg verdistiging på to prosent på landbruksjorda.

– Det her vil bety, at i eit landbruk som verkeleg tørstar etter kapital, og der bankkrisa har lukka for kapitaltilgangen særleg for unge bønder, kjem det no ein ny spelar på marknaden, som har kapital og tilfører ny kapital. Det vil vere med å sikre dynamikken i landbruket, for det gir dei unge ein sjanse til å kome til fatet, sa Thomsen til Berlingske Tidende i 2013.

AP Pension har ikkje ønskt å kommentere investeringane eller svare på nokre av Nationen sine spørsmål i dag.

Ole Henrik Larsen i Landbrug og Fødevarer – interesseorganisasjonen for danske bønder og næringsmiddelkonsern – seier investeringane frå pensjonskassen er "det siste nye" i dansk landbruk, men at det så langt ikkje er veldig utbreidd. Han anslår at det dreier seg om investering i mellom 10 og 20 eigedomar i dag.

– Som å låne pengar i banken

På Skovbakkegaard, som Andersen driv, har AP Pension bygd ny driftsbygning og på sikt skal det byggast nytt bustadhus også.

Andersen og familien betalar leige ein gong i månaden.
– Det er som å låne pengar i banken. Renta er 5,6 prosent for bygningar og 5,2 prosent for jorda, seier Andersen.

Prosentane er rekna frå summen AP Pension har investert. Selskapet gav i 2014 19 millionar for garden som Andersen og familien i 2009 kjøpte for 25 millionar.

– I dag er det veldig høg rente og lita avkasting. Det er den største utfordringa vår no, seier Andersen.

Mjølkeprisen låg i juni på 3 kroner og 20 ører literen for den økologiske mjølka. Det er 25 øre under det han og AP Pension la til grunn i budsjettet, og utgjer nær 600.000 kroner i tap.
Han har kontrakt på å drive garden i ti år. Deretter kan han kjøpe jorda, som utgjer 1200 mål, tilbake til kjøpspris pluss 80 prosent av verdistiginga. Om han vil.

Han er ikkje i tvil om at han vil halde fram å drive garden også framover, men han er ikkje viss på at han vil kjøpe.

– Eg likar fridomen, men ikkje å eige. Landbruk i Danmark er så stort. For stort til å ha sjølv, seier Andersen.

«Eg er glad for denne konstruksjonen - det å ikkje vere eigar. Det er fint å ha ein samarbeidspartnar.»

Konkurstala aukar

I løpet av dei 25 siste åra er talet danske gardsbruk meir enn halvert, til 30.000 bruk i 2014. På same tid er storleiken per bruk dobla, til nær 700 mål i snitt i 2014.

Det er ikkje prisregulering på jord og landbrukseigedomar, og prisane gjekk kraftig opp fram til finanskrisa. Prisfallet i etterkant har skapt ei gjeldskrise som har hatt følgjer for fleire enn Andersen.

Konkurstala aukar. I 2014 var det 156 tvangsauksjonar i landbruket og 106 bedrifter innan landbruk, skogbruk og fiskeri vart erklærte konkurs.

29 millionar i gjeld

Egtved, Jylland: I Vejle kommune har Andreas Larson (29) og Christian Thorvaldsen (40) gått saman om å kjøpe eit konkursbruk og sikre vidare mjølkeproduksjon.

– Christian og eg er nesten meir gift enn kva Christian er med kona si, for vi har så mykje papir som bind oss saman, seier Larson.

Han har vakse opp i byen Odense, men alltid visst at han ville verte bonde, og han har jobba som kupassar hjå andre i mange år.

På Dalum landbrugsskole i Odense i 2011 møtte han ti år eldre Christian Thorvaldsen, og i august i fjor fekk dei saman gjort alvor av draumen om å kjøpe eit eige mjølkebruk.

Dei har kvar sitt holdingsselskap, som kvar eig halvparten av eit såkalla anpartsselskap, som er den danske forma for aksjeselskap der eigaren berre heftar ved innskotsbeløpet og ikkje står personleg ansvarleg for selskapet.

Gjennom anpartsselskapet har dei i dag 250 mjølkekyr, 1330 mål jord, driftsbygningar på meir enn 5200 kvadratmeter og gjeld på 29,1 millionar danske kroner.

Ein samarbeidsavtale på 26 sider tek føre seg alle sider ved samarbeidet mellom dei nyetablerte bøndene.

På gardstunet er det full aktivitet. Huset vert pussa opp og bygd om til to bueiningar, ein til Thorvaldsen, kona og dei to døtrene, den andre til Larson.

I fjøset skal eit lagerrom på nær 1500 kvadratmeter gjerast om til båsar for å gi plass til endå fleire dyr. Planen er å doble talet mjølkekyr i løpet av ein tiårsperiode utan å måtte byggje nytt.

– Vi vil helst ikkje låne noko meir no, seier Thorvaldsen.

100.000 i eigenkapital

Larsen i Landbrug og Fødevarer seier det skjer ei utvikling mot at fleire eig saman, gjennom aksjeselskap eller anpartsselskap, i dansk landbruk.

– For over 90 prosent av bruka er det framleis slik at bonden sjølv eig jord og bygningar, men vi ser at nye bedrifter i landbruket oftare og oftare vert etablerte som selskap, seier han.

– Årsaka er at bedriftene vert så store at det er vanskeleg å skaffe nok kapital til å vere i stand til å kjøpe eigedomen sjølv, seier Larsen i Landbrug og Fødevarer.

Larson og Thorvaldsen hadde ikkje meir enn 100.000 i eigenkapital då dei fekk kjøpe garden. Dei brukte eit halvt år før dei klarte å overtale banken om å selje til dei.

90 % av lånesummen er realkredittlån frå finanskonsernet Nykredit med rente på mellom 0,94 og 1,53 prosent. Dei siste ti prosentane er frå eit vekstfond for unge og har 8,3 prosent i rente. I tillegg har dei ein driftskreditt på 4,1 millionar kroner.
Det har ikkje lukkast Nationen å få kommentarar frå Nykredit. Larson og Thorvaldsen trur banken fekk tillit fordi dei synte at dei kunne klare å få det til.

– Vi har laga alt sjølv – forarbeid, budsjett, planar. Vi var ærlege om kva vi ville og synte dei kva vi stod for, Thorvaldsen.

Dei overtok alt av bygningar, kyr og maskinar frå førre eigar, som hadde hatt garden i to generasjonar, men gjekk konkurs i 2014.

Det meste av maskinane sel dei no ut for å nedbetale gjeld eller investere. Jorda vert forpakta bort til ein maskinpark, som dei så kjøpar fôr tilbake frå. Sjølv satsar dei alt på mjølkeproduksjonen.

– Å forpakte jorda vekk og kjøpe tilbake fôr er mykje billegare for oss enn å drive jorda sjølv. Vi er ikkje interesserte i traktorar. Vi er interesserte i kyr, seier Larson.

I løpet av dei 25 siste åra er talet danske gardsbruk meir enn halvert, til 30.000 bruk i 2014.

På same tid er storleiken per bruk dobla, til nær 700 mål i snitt i 2014.

Kven skal eige jorda?

Over heile Europa er eigarskap til naturressursar som jord, skog og fisk, i endring.

I ein artikkelserie i sommer ser Nationen på korleis eigarskapet i ulike europeiske land utviklar seg. Kva for betydning har ulikt eigarskap for landbruket og matproduksjonen?

Artikkelserien har fått støtte frå stiftinga Fritt Ord.

Les fleire saker på nationen.no