Kappløp om Afrikas jord

Minst 49O million dekar afrikansk jordbruksjord blir forvalta av utanlandske investorar. Mange har lova utvikling og arbeidsplasser i bytte for jorda. Likevel står lokale småbønder ofte att som taparar.

Ved foten av Kilimanjaro, Afrikas høgaste fjelltopp, ligg ein farm. Der står høgreiste treranker i lange rekker. På trea veks grønsvarte, knudrete avokadoar. Dei skal vere av topp kvalitet. Produsenten inngjekk nyleg ein kontrakt om leveranse til den britiske supermarknadskjeda Waitrose. Nettstaden All Africa har omtalt avokadoproduksjonen ved Kilimanjaro som «det nye gullet». Avokadodyrkinga til firmaet Africado hadde ikkje berre gitt velstand til ein investor, men til eit heilt lokalsamfunn. Artikkelen framstilte historia som ei litt oppsiktsvekkande gladsak.

Avokadoane blir dyrka på ein 1370 dekar stor plantasje i landsbyen Kifufu. I tillegg er om lag 2000 småbønder knytt til prosjektet. Dei dyrkar avokado på sine eigne garder og leverer til Africado. Til nettstaden All Africa fortalde småbøndene at livet var blitt annleis etter at dei vart avokado-dyrkarar. No kunne dei betale helseutgifter, skolepengar og sikre seg betre husvære.

Den gylne avokadoen

– Africado er på eit vis ein draumemodell, seier Elin Ersdal.

Ho er investeringsdirektør i Norfund, som er Statens investeringsfond for næringsvirksomhet i utviklingsland.

Norfund driv utvikling, men ikkje gjennom tradisjonell bistand. Norfund investerer i næringsliv i utviklingsland.
Nationen møter Ersdal i Norfunds lyse kontorlokale på Aker Brygge. På veg til møterommet, passerer vi ein kaffimaskin som kan produsere fem ulike variantar av kaffi, med og utan mjølk og eit fruktfat med grøne eple, gule bananar og mørkeraude morellar. Norfund har investert 2,7 millionar euro i Africados avokadoproduksjon. Til saman har Norfund investert 900 millionar i afrikansk landbruk. Investeringane er retta mot storskala industrilandbruk. Norfund er inne i fiskeoppdrett og kyllingproduksjon i Aust-Afrika, skogselskapet Green Resources og i risproduksjon i Tanzania. Risdyrkinga i Tanzania er del av landets høgprofilerte satsing på industrilandbruk gjennom prosjektet Southern Agricultural Growth Corridor (Sagcot).

– Det er ikkje enkelt å utvikle agribusiness i Afrika. Arbeidskrafta kostar det same som i andre land ein ofte samanliknar med. Samstundes er produktiviteten ofte lågare, seier Ersdal.

Grøn revolusjon

På 1960- og 1970-talet vart landbruket i Asia modernisert gjennom den såkalla grøne revolusjonen. Plantar vart foredla, ein sette i gang med kunstig vatning i stor skala og tok i bruk plantevernmiddel og mineralgjødsel. Produksjonsvolumet auka kraftig. Afrika sør for Sahara har ikkje hatt ein tilsvarande grøn revolusjon.

– Infrastrukturen er dårleg utbygd. Tilgangen til tilpassa såvarer er dårlegare og ein har eit generelt forbod mot GMO-vekstar. Dessutan er konkurransen på verdsmarknaden knallhard, seier Ersdal.

– Kva må til for at eit landbruksprosjekt skal vere interessant for Norfund?

– Vi er fleksible når det gjeld produkt og omfanget av produksjonen, men det skal vere lønsemd i det. Konkursar er iallfall svært negativt for utviklinga.

– 80 prosent av bøndene sør for Sahara er småbønder. Kunne det vere interessant for Norfund å styrke denne forma for jordbruk?

– Vi kan ikkje investere direkte i småbønder. Det må vere indirekte gjennom ordningar med mikrofinansiering, seier Ersdal.

Ho legg til at dei fleste prosjekta Norfund investerer i er til nytte for småbønder som får større tilgang marknader og tilgang til meir effektiv distribusjon av varer.
Etter fleire negative erfaringar har Norfund vedteke å ikkje lenger investere i nystarta primærjordbruks-prosjekt.

– Vi går ikkje inn i nye oppstartsprosjekt i primærsektoren. Vi vil heller vere med og skape vekst i verksemder som finst frå før eller bidra til foredling, seier Ersdal.

Eit kappløp

For ti år sidan fløymde verdsmarknaden over av billeg mat, produsert gjennom hypereffektivt industrilandbruk i USA, Sør-Amerika og Asia. Å investere i afrikansk landbruk vart rekna som litt gamalmodig. Så skjedde det noko. I 2007 steig matvareprisane på verdsmarknaden med 50 prosent.

Sidan har prisane fortsett å stige. I 2011 auka matvareprisane i verda med 39 prosent på eit år, ifølgje statistikk frå FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO. Prisauken førte til eit internasjonalt kappløp om jord i Afrika.

Nedbrent avling

  1. oktober 2008 brann markene ved ein liten gard i Niassa nord i Mosambik. Ei heil avling med mango, banan og fersken vart forvandla til oske. Garden var inntektskjelde for ein familie med sju barn. Avlinga skulle sikre pengar til skolegang og helsehjelp. Bonden som eigde garden visste godt kven som hadde tent på. Det var skogselskapet Cikwetii, som dreiv ein furu- og eukalyptusplantasje like ved. Då bonden klaga, fekk han vite at skogselskapet hadde brent avlinga hans for å tryggje sin eigen plantasje mot skadedyr og sjukdom.

Han fekk også vite at skogselskapet berre tok imot klagar frå folk som eigde mobiltelefon. Sidan fekk han utbetalt ein kompensasjon på 15 dollar og 6 cent. Då han klaga, fekk han 2 dollar og 31 cent til. Erstatninga var framleis langt unna å dekkje tapet. Men han har aldri sidan høyrd frå verken skogselskapet eller det lokale politiet. Historia om brannen er gjengitt anonymt i rapporten Lord of the Lands, som var finansiert av Norsk Folkehjelp. Investorane i skogselskapet Chickwetii er frå USA, Nederland, Sverige og Mosambik.

Ein rapport frå verdsbanken slo fast at 49O million dekar afrikansk jordbruksjord var leigd ut eller kjøpt av utanlandske investorar.

Ujamn maktfordeling

Omfanget av jordoppkjøpa er ikkje kjent. Ein rapport frå verdsbanken slo fast at 49O million dekar afrikansk jordbruksjord var leigd ut eller kjøpt av utanlandske investorar. Det er eit landområde som er ein og ein halv gong så stort som Noreg.

I boka «The Great African Land Grab?» granskar utviklingsforskaren Lorenzo Cotula kappløpet om landbruksjord i Afrika sør for Sahara. Cotula hevdar at omfanget av jordoppkjøpa truleg er mindre omfattande enn det omtalen i media har gitt inntrykk av. Cotula gjer det også klart at maktforholdet mellom kapitalsterke jordinvestorar og lokale småbønder er svært ujamt, og at investorane drar fordel av det. Lokale høvdingar og sentrale styresmakter gjer avtaler om sal og leige av jord. Ofte står lokalbefolkning att som taparar fordi dei mistar inntektsgrunnlaget utan at det blir kompensert for i form av nye moglegheiter til inntekt.

Belgiaren Olivier de Schütter, som i fleire år var FNs spesialrapportør for matsikkerheit, er blant dei som åtvarar mot å overdra landbruksjord til investorar. I ein artikkel i tidsskriftet Journal of Peasant Studies i 2011 skreiv han at «å gi frå seg land til investorar i håp om betre tilgang til kapital for å «utvikle» har enorme kostnader, fordi det resulterer i eit landbruk som har langt mindre fattigdomsreduserande effekt enn om tilgang til land og vatn vart betra i dei lokale bondesamfunna.»

Landskap med dyrekadaver

Inntørka kadaver frå utmagra, sjølvdaude kyr har sidan i fjor haust prega landskapet i provinsane Somali og Dire Dawa, lengst aust i Etiopia. I vår rapporterte den britiske hjelpeorganisasjonen Oxfam at meir enn ein halv million husdyr hadde mista livet på grunn av tørke, skapt av vérfenometet El Niño.

– No er talet over ein million. Det er ein katastrofe. Lokalbefolkninga er for ein stor del kvegnomadar. Når dyra døyr, mister dei heile livsgrunnlaget, seier Knut Andersen, som er landdirektør for Utviklingsfondet i Etiopia.

Tørken i landet er den verste på 35 år. Dei etiopiske styresmaktene varsla i desember 2015 at 10 millionar etiopiarar kom til å trenge matvarehjelp i løpet av det neste året. Det siste tiåret har Etiopia inngått kontraktar for utleige av 2,3 million hektar landbruksjord til private firma, ifølgje den amerikanske tenketanken Oakland Institute.

Gjennomsnittsprisen per dekar er på mindre enn ein dollar. I global samanheng er prisnivået ekstremt billeg.

Kontraktperioden strekker seg ofte på mellom femti og hundre år.

– Det blir produsert mat for eksport til India og Saudi-Arabia på utleigd landbruksjord i Etiopia, samstundes som landet har ein svoltkatastrofe. Er det noko som blir diskutert i Etiopia?

– Nei, i svært liten grad. Men så er det ikkje alle spørsmål som blir debattert i etiopisk presse heller. Det blir ikkje eksportert mat frå den regionen som er ramma av tørke. Det er ingen utanlandske leigeavtalar for jord der. Dei fleste utleigeavtalene er i Oromia, regionen rundt hovudstaden Addis Abeba og i Gambela, seier Andersen.

– Men det det blir importert mat til Etiopia som nødhjelp og det blir eksportert mat ut. Begge deler skjer frå hamna i Djibouti og Berbera i Somaliland. Ein kunne jo tenkje seg at det var mogleg å diskutere om det kunne bli organisert på ein annan måte, seier Andersen.

Utanlandske organisasjonar som opererer i Etiopia er generelt varsame med å kommentere etiopisk politikk.

Vil ha meir investering

Utviklingsfondet publiserte nyleg ein rapport der dei slo fast at jordbruket i Afrika sør for Sahara treng investeringar. I dag er kontinentet netto importør av mat. Folketalet er venta å auke. 20 prosent av innbyggjarane er underernærte. I tillegg er landbruket svært sårbart for klimaendringar. Organisasjonen oppfordrar utviklingsminister Børge Brende til å øyremerke 10 prosent av bistandspengane til jordbruk, og då spesielt i familiejordbruk i Afrika sør for Sahara. Utviklingsfondet viser til at Verdsbanken hevdar at det å investere i jordbruk er ein av dei aller mest effektive måtane å overvinne fattigdom på. Det gir raskare vekst enn satsing i andre sektorar.

– Den afrikanske union har som mål at ti prosent av nasjonalbudsjetta skal bli investert i jordbruk. Det er ein svært viktig sektor, ein når ut til mange gjennom jordbruket, seier Kari Helene Partapouli, som er dagleg leiar i Utviklingsfondet.

Nationen møter henne på organisasjonens kontor langt aust i Oslo sentrum. Utviklingsfondet serverer traktekaffi frå rettferdig handel.

80 prosent av bøndene sør for Sahara er småbønder som i stor grad dyrkar for sjølvberging. Berre om lag ti prosent produserer for å selje på ein marknad.

– Landbruket er ein nøkkel til svært mykje. Ein sikrar pengar til skoleuniformer, til bøker og til helsehjelp.

– Nordfund har investert i storskalalandbruk. Står det i motsetnad til den satsinga på småbønder som de etterlyser?

– Ikkje nødvendigvis. Men når ein skal ha utvikling, må ein sørgje for at det ikkje berre er utvikling for middelklassen, men for alle. Og då er småbøndene svært viktige, seier Partapouli.

Kven skal eige jorda?

Over heile Europa er eigarskap til naturressursar som jord, skog og fisk, i endring.

I ein artikkelserie i sommer ser Nationen på korleis eigarskapet i ulike europeiske - og i dette tilfellet, afrikanske - land utviklar seg. Kva for betydning har ulikt eigarskap for landbruket og matproduksjonen?

Artikkelserien har fått støtte frå stiftinga Fritt Ord.

Les fleire saker på nationen.no